Begge biografiene om Einar Førde - Frank Rossaviks "Stikk i strid" og Tor Obrestads "Einar Førde" - synes jeg var interessante og gode. Et par glimt fra Førdes barndom i Høyanger ("Stikk i strid" s. 27-28 og 35-36):
DIKT
"Som sjuåring fekk Einar Førde æra av å deklamera eit sjølvvalt dikt frå balkongen på Høyanger skule 17. mai. Då dagen nærma seg, ante foreldra uråd og ville vita kva for dikt poden hadde tenkt å lesa opp. Han nekta plent og lenge, men etter press og trugsmål måtte han dagen før leggja "Likfunn" av Jacob Sande på bordet. Dette diktet er ei morbid, grisete affære som eignar seg lite for 17. mai, og ganske særleg ikkje for ein sjuåring. Foreldra tvinga han til å byta det ut, og Einar Førde grein seg i søvn. [...]
Men få år seinare - i tredje eller fjerde klasse - blei han og tre andre plukka ut av norsklæraren til å lesa opp for 17. mai-toget. Då var han utanfor jurisdiksjonen til foreldra, for no var det læraren som bestemte. Og då fekk Einar Førde hemn for det forsmedelege som hende i 1950, og las opp "Likfunn". Det vekte ikkje oppsikt, berre latter, og medelevane var misunnelege fordi han hadde fått lesa opp noko så tøft. [...] Endeleg fekk han deklamere favorittdiktet sitt:
So fann dei han Ole Johan,
langt burte i Håsteins-hagen.
Der låg han og rotna og brann,
med solsteiken rett i magen.
Og magen var grøn og blå,
av steinklaka gorr og slim,
og flugor og kvitmakk små,
aula i yrjande stim.
Dei neste versa blir endå verre."
GJENGKRIGER
"Gjengmedlemene var gjerne 10-14 år, mens leiarane var litt eldre, og det som gjekk føre seg, var ikkje leik. Mange har framleis arr etter krigsskadar. [...]
Kva var så Einar Førde si rolle i gjengkrigane i Høyanger? Han var aldri leiar. Ingen hugsar heller at han var med og slost. Han meinte han var for liten og veik til det, og sprang helst unna når det drog seg til. [...] Men han hadde ein funksjon som han fylte med stor iver: Han heldt eldfulle talar før slaga, for å mana krigarane til dåd."
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar